ÅTVARAR: Ragna Fossen, sikkerhetsdirektør i Skatteetaten.
ÅTVARAR: Ragna Fossen, sikkerhetsdirektør i Skatteetaten. FOTO: Skatteetaten

Skatteetaten åtvarar mot stadig flinkare svindlarar: – Ikkje la deg lure

Skattemeldinga blir tilgjengeleg for vel fem millionar personar, og Skatteetaten går ut og åtvarar mot svindlarar.

– Skatteetaten sender aldri lenker uoppfordra. Dette er svindel, seier sikkerheitsdirektør Ragna Fossen i Skatteetaten.

Ny bølgje med svindel

Skattemeldinga blir sendt ut til vel fem millionar personar på ulike dagar frå og med 14. mars til og med 31. mars. I samband med dette åtvarar Skatteetaten om ei ny bølgje med svindelforsøk, med etaten som påstått avsendar.  Ifølgje ei pressemelding forventar Skatteetaten at både skattemeldinga og skatteoppgjeret vil bli forsøkt misbrukt.

Svindelforsøka går føre seg gjennom e-postar eller tekstmeldingar som forsøker å lure mottakarane til å klikke på lenker og gje frå seg sensitiv informasjon som seinare kan brukast for å svindle mottakaren.

– Me sender ikkje lenker uoppfordra i e-post eller SMS, og spør ikkje etter bank- eller kredittkortopplysningar i desse kanalane, seier Fossen.

På «Min side» finn du rett informasjon

Når skattemeldinga er klar, varslar Skatteetaten deg på e-post og ber deg gå til skatteetaten.no og logge deg inn på «Min side».

Er du i tvil om informasjonen er ekte, gå direkte til Skatteetaten.no og logg deg på der. Da vil du under «Min side» finne korrekt og oppdatert informasjon om skatten din. Alternativt kan du logge på altinn.no for å sjå om du har meldingar frå Skatteetaten.

Kvar gong skattemeldinga blir sendt ut, og ved andre viktige skattedatoar, er det svindlarar som forsøker å få folk til å gje frå seg sensitiv informasjon.

– Me opplever fleire gonger i året at skatteytarar blir utsett for svindelforsøk på viktige skattedatoar, oftast gjennom e-post eller SMS som har til føremål å lure mottakarane til å klikke på lenker og gje frå seg sensitiv informasjon som seinare kan brukast til svindel eller ID-tjuveri, seier Fossen.

Stadig flere svindelforsøk

– Det er eit aukande omfang på svindelforsøk i Noreg og globalt, men heldigvis er bevissheitstnivået, skepsisen og kunnskapen i befolkninga generelt betra. Likevel endrar også svindlarane taktikk, og mange blir fortsatt lurt til å klikke på lenker. Difor sender ikkje me lenker uoppfordra, slik at du enkelt veit at lenka ikkje er frå oss, seier sikkerheitsdirektøren.

– Svindlarane brukar kunstig intelligens og norsktalande hjelparar for å lage nesten språkleg perfekte e-postar og SMS-ar. Me ber mottakarane av e-postar og SMS om å vere skeptiske og observante slik at de ikkje blir lurt, seier sikkerheitsdirektøren.

Skatteetatens tips:

• Sjå nøye på e-postar og tekstmeldingar (SMS) du får. Ta ei kritisk vurdering av e-posten/SMS-en og sjekk avsendar, og tenk over om dette kan vere riktig. Sunn skepsis er aldri feil.

• Ver særleg merksam viss du i ein e-post/SMS blir bedt om å oppgje sensitive opplysningar som kontonummer eller sikkerheitskodar.

• Ikkje opne vedlegg frå ukjente, klikk ikkje på lenker ukritisk, skriv heller sjølv inn internettadresser i nettlesaren.

• Spesielt på mobil kan det vere freistande og klikke på ei lenke i farten, ikkje gjer det.

• Er du i tvil, dobbeltsjekk med den riktige avsendaren, til dømes Skatteetaten.no.