2017-07 1 Mariann Roe

Bøjente til friidretts-EM

Til EM i Polen. Bøjenta Mariann Roe skal representere Noreg i EM i friidrett U23 i juli. Arkivfoto: Hilde Eika Nesje

 

Mariann Roe til EM i Polen

Norges Friidrettsforbund har i dag tatt ut troppen som skal representere Noreg ved Europameisterskapen i friidrett U23 i polske Bydgoszcz frå 13. til 16. juli. Blant jentene med norsk flagg på brystet er bøheringen Mariann Roe som spring for Skarphedin IL. Ho skal springe 10.000 meter i Polen.

– Me har ein veldig spennande tropp, og eg har stor tru på at me skal gjere oss godt bemerka i denne meisterskapen, seier toppidrettssjef Håvard Tjørhom.

Dette er den 11. europameisterskapen for U23, og den norske medaljebeholdninga i tidlegare meisterskap er fem gull, tre sølv og to bronse.