Lokaloppgjer Skade Skarphedin 2. sept 2017 5668 Andreas Vreim og Øystein Sanden

Siste kamp for trenar Sanden

Sesongen er over. Skarphedin fotball sin sesong er over og med det er det fleire som takkar av for bølaget. Blant anna er hovudtrenar Øystein Sanden, her i mørk trøye, ferdig som trenar i klubben. Han søkjer nye utfordringar i Odd i Skien.

Skarphedin fotball sitt a-lag i 4. divisjon, Kretsligaen Telemark, enda til slutt på 3. plass. Urædd vann avdelinga med 50 poeng, berre eitt poeng meir enn Hei. Skarphedin slutta av med 40 poeng. Nedst hamna Skade som rykkjer ned til 5. divisjon. Siste kamp gjekk måndag mot Pors 2. Den enda 1-1 etter 0-0 ved pause. Andreas Sersland skåra bøheringane sitt mål, etter ein glimrande pasning frå Mats Bruu. Dette blei også mest sannsynleg Andreas Sersland sin siste kamp for Skarphedin på ei stund. Han har pendla frå Kristiansand i haust. Han har i følgje klubben ambisjonar for å prøve seg på eit høgare nivå. Også keeper Andreas Hørgård Salvesen spelte sin siste kamp for bøklubben i denne omgang. Hovudtrenar Øystein Sanden (biletet) takkar også for seg, etter nesten fem sesongar som hovudtrenar. Han blir ønskt lykke til som juniortrenar i Odds Ballklubb.