Passar på i påska. Folk frå hjelpekorpsa både på Gvarv og Nome byttar på vaktene på Lifjell i påska. Her ein gjeng frå Gvarv-avdelinga.
Foto: Øystein Akselberg.
Hjelpekorpsa på vakt i påska
Påskeferien er allereie i gang for mange. Gvarv Røde Kors Hjelpekorps og Nome Røde Kors Hjelpekorps melder at dei vil bemanne sine hytter på Jønnbu på Lifjell gjennom heile påskeferien.
Gvarv Røde Kors Hjelpekorps er på hytta si Gvarvbu fram til onsdag 28. mars på ettermiddagen. Da vil Nome Røde Kors Hjelpekorps ta over vakta og vil vere der fram til 2. påskedag på ettermiddagen.
Alarmtelefonar:
Gvarv Røde Kors tlf 916 19 756
Nome Røde Kors tlf 975 23 695
Politi: 112
Brann: 110
AMK/ambulanse: 113
Legevakt: 116/117