180705-landbruk-tørke-09-b

– Treng regn for å få mat til dyra

Færre dyr. Kjem det ikkje regn snart må Solvor Brukås Folkestad har færre dyr for å få graset til å strekke til.

Må vatne for første gong

– Skal me slå andreslåtten først eller skal me reise til Danmark og hente vatningsutstyr. Det lurer bonde Solvor Brukås Folkestad på. Held tørken fram blir det færre dyr i fjøset til vinteren.

Det ekstreme vêret med svært lite regn både i mai og juni og ingen signal om regn så langt i juli gjer at graset får for lite vatn og veks dårleg.

Brukås Folkestad fortel at dei aldri har vatna på garden, men no er det ingen veg utanom. Vatningsanlegget står klart i Danmark, men toler graset å stå eller minkar det for mykje?

Bra førsteslått

– Førsteslåtten vart ikkje så verst, det vart nok litt mindre gras enn normalt, men kvaliteten vart bra. Me var dei første som slo i Bø. Regnet som kom etter slåtten gjorde at me har fått litt gjenvekst av gras, fortel Brukås Folkestad

Men held tørken fram blir andreslåtten mindre enn normalt skal. Dermed blir det mindre fôr til vinteren. Brukås Folkestad forklarar at det gjer at ein må ha færre dyr i fjøset. Ho understrekar at det endå er tidleg i juli og mykje kan skje, er ein heldige kan ein få både tre og fire slåttar.

– Men me må planlegge kva me skal gjere no, seier Brukås Folkestad.

Les meir i papiravis i morgon, torsdag, eller i e-avisa.