– Eg trener for å klare meg sjølv lengst muleg
– Det er utruleg kjedeleg å ikkje vere i god form, seier Synne Blomquist (67). Ho er pensjonist og CrossFit-utøvar. Ho meiner det er essensielt å halde seg aktiv, særleg når ein blir eldre.
– Viss
ein skal starte med å trene, er det viktig å ikkje trene altfor lett,
seier Synne, som har kasta seg på ei moderne og populær treningsform.
Crossfit har opphav i USA frå rundt år 2000. Treninga kombinerer element frå ulike
disiplinar, ofte med høg intensitet. Synne er blant dei som driv
aktivt med CrossFit i Bø, og ho fortel at å trene på denne måten har gitt positive følger for helsa hennar.