KRITISK: Det som skjer ved Bø ungdomsskule er ikkje bra, meiner FAU-nestleiar ved skulen, Christine Hvitsand.
Hilde Eika Nesje
– Me er veldig bekymra for det som skjer på ungdomsskulen
Uroa er stor blant foreldra ved Bø ungdomsskule. Dei ser ingen faglege argument som kan forsvare det å fjerne helsesjukepleiaren ved skulen.
– Me er uroa for at helsesjukepleiaren blir tatt ut av ungdomsskulen og lagt til barneskulen. Me har ikkje sett nokon faglege argument for at dette er forsvarleg, berre praktiske, seier nestleiar i Foreldra sitt arbeidsutval (FAU) ved Bø ungdomsskule, Christine Hvitsand.