Driftige folk på Driv:
BESTEKOMPISAR: Bjørn Arve Skjeslien (t.v.) med produktet Thorbjørn Høgstad har laga.
Øystein Akselberg
Thorbjørn fekk ein lysande god idé: – Nå strøymer det på med bestillingar
Verkstadavdelinga til Driv har klekka ut eit nytt produkt som tek i bruk kasserte vaskemaskiner og tørketromlar.
Driv er Midt-Telemark kommune si avdeling
med tilbod om tilrettelagde aktivitetar og arbeid for deltakarar med ulike
behov for hjelp. Verkstadavdelinga held til i kjellaren på Napastaa-bygget og
omfattar også snikkar- og serviceoppgåver. Dei jobbar med å lage ulike produkt, som
til dømes sitjebenkar, søppelskur, trapper og ulike treprodukt.