GLAD I MAT: Geir John Kåsa var som vanleg i godt humør da han var innom den nye spisestaden for å ta med seg ein meny.
Øystein Akselberg
Ny spisestad i Bø: – Dette må folk prøve
Geir John Kåsa stakk tysdag innom opninga av bygdas nye restaurant. Han nappa med seg ein meny og lova å kome tilbake.
– Eg håpar folk vil kome innom og prøve menyen vår. Det er eit heilt nytt konsept som ikkje finst i Telemark frå før, seier dagleg leiar Lee Trinh.