Abonnementsvilkår
Partane:
Seljar er Bø blad AS, Bøgata 69, 3800 Bø blad.
Org. 842831032
E-post: abonnement@boblad.no
Tlf. 35 94 65 80
Bø blad AS vert i det følgjande omtala som seljar/seljaren
Kjøpar er den forbrukaren som gjer bestillinga, og vert i det følgjande omtala som kjøpar/kjøparen.
Generelt:
Desse abonnementsvilkåra gjeld for alle som abonnerer på papiravisa og/eller digitale produkt og tenester frå seljar. Vilkåra kan endrast utan nærare varsel, men ved større endringar vil du bli beden om å lese gjennom og akseptere vilkåra på nytt.
Produktet:
Produktet består av Bø blad si digitale utgåve som kan lesast på datamaskin, nettbrett eller mobil og nettsida boblad.no med alt innhald. Produktet kan også innehalde den trykte papiravisa og levering av denne til dørmatta/postkasse dersom dette vert bestilt.
Pris:
Den oppgjevne prisen for vara og tenestene er den totale prisen kjøparen skal betale. Denne prisen inkluderer alle avgifter og tilleggskostnader.
Prisar for abonnement kan justerast og nye prisar vil annonserast før iverksetjing. For den enkelte abonnent gjeld nye prisar frå og med startdato for neste abonnementsperiode.
Betaling:
Seljar kan krevje betaling frå det tidspunktet kjøpet gjennomførast. Kjøparen får tilgang til produktet umiddelbart. Produktet bestilt på nett betalast med Vipps, debet- eller kredittkort. Abonnementet forskotbetalast, dersom betaling ikkje gjennomførast vil abonnementet stoppast.
Ved kjøp av abonnement i kampanjeperiodar vidareførast abonnementet automatisk til ordinære prisar med mindre oppseiing mottakast seinast 3 virkedagar før kampanjeperioden si utløping. Kjøparen har sjølv ansvaret for å følgje med på når kampanjeperioden utløper. Ordinær pris vil då bli belasta betalingskort for ein ny periode. Dersom ordinære prisar ikkje kjem fram av bestillingsskjema, finst desse på seljaren si nettside eller ved henvending til kundesenteret.
Levering:
Produktet vert levert frå betalingstidspunktet ved kontinuerleg oppdatering av nettstaden boblad.no og ein utgåve i veka av e-avisa/den trykte papirutgåva (ca. 46 utgåver per år).
Angrerett:
Kjøparen kan gå frå kjøpet innan 14 dagar etter betaling, elles løper abonnementet til det vert sagt opp av kjøparen.
Oppseiing:
Abonnementet er bindande til det vert sagt opp av kjøparen, abonnementet kan ikkje seiast opp i bindingsperioden. Kjøparen kan sjølv, når som helst bestille stopp av abonnementet ved utløp.
Oppseiing kan vere skriftleg, anten elektronisk på Min side, alternativt pr. post eller e-post til seljarens kundesenter eller ved oppmøte. Manglande betaling vert ikkje rekna som oppseiing. Abonnementet løper ut perioden du har betalt for. Dette inneber at det ikkje vert gjeve refusjon for innbetalt beløp.
Mangel på varen:
Om avisa uteblir på grunn av tilhøve utanfor seljaren sin kontroll, eller andre leveringsproblem, vil seljaren sitt erstatningsansvar avgrensast oppad til det kjøparen har betalt for tilsvarande tidsrom. Forsinka avis vil ikkje gi erstatning.
Tilgang til materiale:
Som kjøpar av Bø blad har du tilgang til alt materiale, medrekna tekstar, artiklar, nyhende, foto og video, grafikk og anna som er publisert av Bø blad. Du kan lasta ned og/eller skriva ut ein enkel kopi av materialet berre til eige bruk. Avfotografering, nedlasting eller kopiering med tanke på gjenbruk er ikkje tillate.
Misbruk av abonnement:
Den juridiske eigaren av abonnementet er han som har teikna det. Brukarnamn og passord til avisa sine digitale tenester må ikkje delast med andre enn medlemer av abonnenten sin husstand, som bur på same adresse. Dersom abonnenten deler brukarnamn og passord med andre, eller på annan måte misbrukar Bø blad sine tenester, har Bø blad rett til straks å stengja abonnenten sin tilgang til desse tenestene og stoppa avisleveringa utan refusjon av innbetalt abonnementsbetaling.
Konfliktløysing:
Klage rettast til seljaren innan rimeleg tid. Partane skal forsøke å løyse eventuell tvist i minnelegheit. Dersom dette ikkje lukkast, kan kjøparen ta kontakt med Forbrukarrådet for mekling. Forbrukarrådet er tilgjengeleg på telefon 23 400 500 eller www.forbrukerradet.no.