Abonnementsvilkår

Partane:
Seljar er Bø blad AS, Postboks 104, 3833 Bø i Telemark

Org. 842 831 032
E-post: abonnement@boblad.no
Tlf. 35 95 19 45
Bø blad AS blir kalla seljaren i desse vilkåra.

Kjøparen er den forbrukaren som foretar bestillinga.

Generelt:
Vilkåra gjeld for kjøp og bruk av abonnement på Bø blad, både papiravisa og digitale produkt. Vilkåra kan bli endra utan nærmare varsel, men ved større endringar vil du bli bedt om å lese gjennom og akseptere vilkåra på nytt.

Produktet:
Som abonnent på Bø blad har du tilgang til alt innhald i elektronisk utgåve (eAvis) og nettavisa. Om du har valt et komplett abonnement vert papiravisa levert torsdag (unntak gjeld). Alle abonnentar har tilgang til det elektroniske arkivet vårt med aviser frå 1986 og fram til i dag.

Betaling:
Seljar kan kreve betaling frå det tidspunkt produktet blir kjøpt. Kjøpar får tilgang til produktet umiddelbart. Abonnement som er bestilt på www.boblad.no kan du betale med Vipps, debet- eller kredittkort. Ynskjer du faktura i posten, vert det lagt til eit gebyr på kr 50,- per faktura. Abonnementet skal betalast innan forfallsdatoen på fakturaen som vanlegvis er 14 dagar etter kjøp. Dersom betaling ikkje liggja føre innan forfallsdato, vil abonnementet bli stoppa og faktura for eventuell ubetalt periode vil bli sendt. Ved betaling med Avtalegiro, Vipps eller kort er det ingen gebyr. Ved Vipps eller kortbetaling vert kortet du registrerer, trekt for ein ny periode til du seier opp abonnementet.

Pris:
Bø blad tek atterhald om når som helst å endre abonnementsprisar. Dei nye prisane vert kunngjorde i avisa og på heimesida, seinast 14 dagar før iverksetjing. Dei nye prisane er gjeldande frå tidspunktet for neste betalingsperiode.

Levering:
Kjøpar får tilgang til abonnementet frå betalingstidspunktet ved kontinuerleg oppdatering av nettstaden boblad.no og ei utgåve i veka av e-avisa/den trykte papirutgåve (ca. 45 i året).
Korte stopp gir ikkje frådrag i abonnementsprisen.

Levering av papiravis i Noreg er gratis. For levering av papiravis i utlandet kjem Posten sitt portotillegg. Avtala leveringsstad for papiravisa må merkjast godt, slik at distributøren finn fram. Skal avisa fram til rett tid og leverast på rett stad, må abonnenten syta for tilfredsstillande lys og brøyting. Distribusjonen kan stoppast dersom tryggleiken ikkje er tilfredsstillande. I nokre område vert avisa distribuert av Posten saman med annan post. Levering vil variere ut frå Posten sin leveringsfrekvens. Sjekk kva for nokre dagar du har postlevering på posten.no. EAvis er tilgjengeleg frå midnatt.
Ved endring av leveringsadresse må Bø blad kontaktast seinast tre verkedagar før endringa skal tre i kraft. I feriar tilbyr me gratis flytting av avisa til leveringsstad i Noreg.

Angrerett:
Kjøpar kan gå frå kjøpet innan 14 dagar etter bestilling.

Mangel på varen:
Om avisa ikkje kjem på grunn av forhold utanfor seljar sin kontroll, eller andre leveringsproblem, vil seljaren sin erstatningsansvar avgrense seg til det kjøparen har betalt for tilsvarande tidsrom. Forsinka avis gir ikkje erstatning.

Ved feil eller manglande levering må kjøpar kontakte seljaren innan rimeleg tid. Kjøpar kan kontakte seljar på epost abonnement@boblad.no eller tlf. 35 95 19 45.

Konfliktløysing:
Ved klager må kjøpar rette seg til seljar innan rimeleg tid. Partane skal forsøkje å løyse eventuell tvist med godvilje. Dersom dette ikkje lykkast, kan kjøpar ta kontakt med Forbrukertilsynet for mekling. Forbrukertilsynet er tilgjengeleg på telefon 23 400 600 eller www.forbrukertilsynet.no.

Oppseiing:
Abonnement kan når som helst seiast opp med verknad frå neste abonnementsperiode, men seinast innan 3 dagar før ny abonnementsperiode startar. Ved oppseiing gjeld abonnementet ut perioden du har betalt for, men vert ikkje fornya. Eventuelt attståande beløp vert ikkje refundert.

Kjøpar kan seie opp abonnement via epost (abonnement@boblad.no), på Min Side, eller ved personleg frammøte.

Tilgang til materiale:
Som kjøpar av Bø blad har du tilgang til alt materiale, medrekna tekstar, artiklar, nyhende, foto og video, grafikk og anna som er publisert av Bø blad. Du kan lasta ned og/eller skriva ut ein enkel kopi av materialet berre til eige bruk. Avfotografering, nedlasting eller kopiering med tanke på gjenbruk er ikkje tillate.

Misbruk av abonnement:
Den juridiske eigaren av abonnementet er han som har teikna det. Brukarnamn og passord til avisa sine digitale tenester må ikkje delast med andre enn medlemer av abonnenten sin husstand, som bur på same adresse. Dersom abonnenten deler brukarnamn og passord med andre, eller på annan måte misbrukar Bø blad sine tenester, har Bø blad rett til straks å stengja abonnenten sin tilgang til desse tenestene og stoppa avisleveringa utan refusjon av innbetalt abonnementsbetaling.