Bjørn Olav Listog (54)
– Eg seier berre at eg er frå Bø, og dei fleste veit då nok om staden til at eg slepp å skildre meir.
Når flytta du frå Midt-Telemark?
– 30. august 1984 køyrde eg opp, fekk førarakort og køyrde Amazon herregårdsvagna med flyttelasset til Trondheim. Eg byrgja på NTH, Teknisk Fysikk. I 1989 hadde eg fyrste runden med strålebehandling. I 1990 vart eg ferdig sivilingeniør. Deretter studera eg historie og hadde ymse jobbar på AVH og NTH før eg flytta til Oslo i 1996. (Framleis samme Amazon og eit litt større flyttelass). Frå 1998 til 2016 var eg høgskulelektor ved DPH/NITH/Westerdals/Høgskolen Kristiania der eg underviste i datateknikk og nettverk. Så viste det seg at den fyrste runden med stråling hadde fått som seinverknad ein ny runde med kreft. Ny strålebehandling mot halsen og cellegift virka, men tok såpass på at eg låg heime i tri år. Helsevesenet gjorde sitt, men utan innsatsen til syster mi, Gunnbjørg, hadde det ikkje gjenge. Til slutt vart det naudsynt med ein trachestomi. No er eg uførepensjonert.
Kvifor flytta du frå Midt-Telemark?
– For å studere.