BORTEBUAR: Torgrim Soterud
Privat
– Eg er patriot, og saknar sjølvsagt heimbygda mi
– Midt-Telemark er ein vakker og sjarmerande kommune som kan tilby det meste, i alle fall av det som er viktig her i livet, meiner Torgrim Soterud (30).
Når flytta du frå Midt-Telemark?
– Eg reiste i fyrstegongstenesta i 2011. Da var eg eit år i Finnmark utanfor Kirkenes. Etter dette hadde eg eit års mellomlanding i Midt-Telemark før eg flytta frå Soterud i Øvre Bø i 2013. Eg flytte fyrst til Horten i samband med studier, deretter til Ålesund og til slutt til Oslo i 2016. Deretter pendla eg i tre år til Ås (mens eg budde i Oslo) for å studere geomatikk (landmåling, fotogrammetri og kartfag). Etter dette har eg jobba i Oslo som stikningsingeniør og geomatikar.