ASFALTARBEID. Langs Vreimsida i Øvre Bø. FOTO: Øystein Akselberg
Halloweenfest: 9. trinn ved Bø ungdomsskule hadde Halloweenfest 31. oktober. Over 50 elevar deltok i forskjellige aktivitetar, som Escape Room, Mesternes mester-oppgåve samt smakstest og «kjenne på»-oppgåver i blinde. Kåring av søtaste, råaste, morsamaste, tøffaste og mest kreative antrekk hadde me også. Vinnarane fekk kinobillettar i premie. Klassekontaktane organiserte festen, mange foreldre stilte på dugnad, både med baking, pynting, vakthald og rydding. Det ble ein topp kveld! Arrangørane takkar lokale butikkar for sponsing av godteri. FOTO: Privat
HAUSTPLØYING. Køyrer ein seg ein tur langs vegen på Vreimsida i Øvre Bø vil ein oppleve eit landbrukslandskap med mange åkrar. Her er gardbrukaren på Vreim gard i sving med pløying på eit av kornareala. FOTO: Øystein Akselbert
Tradisjon: Bø bondekvinnelag blei stifta 1. mars 1931. I 2002 skifta det namn til Bø bygdekvinnelag. Biletet her viser dei som var formenn i laget dei fyrste 25 åra. Sitjande f.v. Signe Brokke, Bergit Borgen (fyrste formann) og Bergit Sanda. Ståande f.v. Sina Sanda, Anlaug Høksnes, Margit Torstveit og Ingebjørg Brenne.
BASAR PÅ BEDEHUSET: 140 stykker kom og åt pizza som var rett før basaren fredag 4. november, og på basaren blei det til saman 160 personar. Soul kids sang, og det var åresal, sal frå loddbok, tombola og fisking etter godteri. På bildet Kristin og Sander Hardang (6 veker) og Åste Tøra (93). Lavrans Skjelfoss Groven (7) vant refubished ipad under åresalet. FOTO: Rune Digranes Bøen
BYGGJER UT: Verksemda Epleblomsten byggjer ny lagerhall, og nå er byggjearbeidet i gang. Det blir investert 7 millionar kroner, og hallen skal etter planen stå ferdig i haust. FOTO: ØØystein Akselberg
BASAR PÅ FRIHEIM I ØVRE BØ: Søndag 6. november var det fullt hus, om lag 90 personar, på den tradisjonsrike haustbasaren til Øvre Bø Ungdomslag. På Friheim var det mogleg både å kjøpe lodd på bok og årar. Gevinstbordet bugna, både av handverksarbeid frå medlemmar av laget og mykje forskjellig gitt av handelsstanden i kommunen og frå einskildpersonar. Mange i laget har også bidratt ved å selje lodd på Bø-senteret og ved å gå husimellom med loddboka. Samla sett vart det seld lodd for om lag 55.000 kr. Overskotet går uavkorta til vedlikehald av Friheim og drift av laget elles. Hovudpremien, eit opphald på Farris bad og spa-hotell, vart vunne av Johnny Hellekås. FOTO: Amund Johnsrud
SAMLA INN PENGAR: Tidlegare i haust hadde Sandvoll barnehage FN-kafé der inntektene skulle gå til Nome asylmottak. Nyleg var Helge Strand i barnehagen og tok imot ein fin sjekk frå førskulebarna på Sandvoll. FOTO: Inger-Lise Kaasa
Den 10. sigeren. Laurdag 19. november var Jarlsberg travbane arena. Line Charlotte Bø Hansen hadde denne gongen med seg Emmeros Cibell. Det blei eit spennande løp i hard konkurranse, men Line kunne bokføre sin 10. siger for året, Emmeros Cibell sin tredje. Tida var 2:29,2 på 1660 meter. Ekstra moro var det at Line Charlotte hadde bursdag den dagen. Stolt oppassar og suportar var Halvor Vreim. I same løp blei det en flott 4. plass på Ljungens Julius og Gunnar E. Wibstad frå 260 meter tillegg og tida 2:15,5 på 1860 meter. FOTO: Privat
VINTEREN ER HER: Laurdag fekk folk ein fin forsmak på vinteren på Jønnbu og Lifjell. Midt på dagen var det strålande sol, seks kalde grader og litt vind. Mange nytta den fine dagen til ein tur i det flotte vinterlandskapet.
Julegrana tent. Fyrste sundag i advent var det som vanleg julegrantenning på grendehuset i Eikjabygda. Bortimot 70 personar, med smått og stort, hadde møtt fram til eit par trivelege timar saman. Det var graut, kaffe, kaker og morosam quiz, og god prat rundt borda FOTO: Synnøve Sudbø Kleppe
NOVEMBERLYS: Dette biletet er knipsa i Øvre Bø på ein trolsk haustdag. Lyset ligg flott over tåka og skogen. FOTO: Simon Jeppesen
SER MOT REGNBOGEN: Kan hende lurar Neri Valen på om gullskatten ligg langt der borte, der han frå sokkelen ved Bø torg ser mot regnbogen. FOTO: Unni Buverud

Glimt og gløtt frå kvardagslivet der du bur

Dette er noko av det som skjedde i Midt-Telemark i november. Mange av bilda er sett gjennom augo til lesarane våre.

Publisert Sist oppdatert

Kjære lesar!

For å fortsette må du ha eit abonnement og vere innlogga.

Har du ikkje abonnement?

Bli abonnent

Powered by Labrador CMS