STÅR STØTT: Martin Holtskog, som her er avbilda då fundamentet til lagerbygget var på plass, er nøgd med året som snart er slutt, og ser fram mot 2023 med ny lagerhall og solcelleanlegg. Epleblomsten står støtt, seier han.
Unni Buverud (Arkivfoto)
Martin og Epleblomsten står støtt – nå investerer dei i solceller
– Me er godt rusta til komande sesong, seier dagleg leiar i Epleblomsten, Martin Holtskog. Saftpresseriet har ei solid omsetting i år og investerte i ny lagerhall. Nå blir det solceller på toppen.
2022 har vore eitt bra år, omlag på det jamne, både når det gjeld omsetting og produksjon. Fjoråret blei det produsert 1,1 million liter eplemost, og sjølv om årets produksjon er noko lågare, er Martin Holtskog godt nøgd.