Hans Jacob Sand i rolla som Theodor Kittelsen.
Foto: Marie Klever Bøye
– Med fargerike hus rundt eit tun, er plassen som skapt for historiske spel
Historiske friluftsspel har lange tradisjonar i bygda vår. Det er framleis folk som sikkert huskar Kong Sverres hirdmenn, Spela i Ringane, Bryllaupsferdene på Evju Bygdetun og Haugespela. Nokre drakter og rekvisitter frå desse er tatt vare på i kostymelageret på Evju Bygdetun som snart blir tilgjengeleg i kulturhuset Sjodar.