F
Turid Bergtorsdatter Fagerli (61)
– Det er eit stort privilegium å få følgje 19-åringar gjennom eit folkehøgskuleår.
Når flytta du til Midt-Telemark?
– Eg flytta hit i juli 1998.
Kvifor flytta du til Midt-Telemark?
– Det var fleire grunnar til det. Vi hadde eit ønske om å kome nærare familie som er busett på sør- og vestlandet. I Bø har vi vener som vi sakna. Då det åpna seg for jobb for både mannen min, Gunnar, og meg, bestemte vi oss for å flytte hit. Vi kom saman med våre treborn, Gunhild, Øyvind og Marit pluss hunden vår. Borna har flytta frå Bø, så nå har vi born, svigerborn og borneborn ulike stader på sør- og vestlandet.