Sauherad idrettslag fotball inviterte sundag til rekrutteringsdag på Nordagutu. Om lag 60 barn i alderen 6 til 12 år møtte fram, saman med foreldre, besteforeldre og mindre søsken. Før fotball-leiken kunne byrje, blei alle påminna om å halde avstand, sprite og vaske hender. Det var ingen tvil om at store og små, ferske og meir erfarne fotballspelarar koste seg. Her kan du sjå glimt frå rekrutteringsdagen på Nordagutu.