Kåsa brygge og Handelslaget Samhold
SAUHERAD HISTORIELAG er ein av fire organisasjonar i Bø og Sauherad som gjestar denne spalta på omgang.Dei andre er Sauherad og Nes sokn, Bø kyrkje, Evju bygdetun og Bø Museum.
I samband med dampbåtferdsla langs Sauarelva gjekk det ein søknad i 1893 til amtstinget i Skien om oppføring av ei brygge på Kåsalandet. Denne blei avslått. Staden ligg rett ovanfor Kolahuset på andre sida av elva der amtstinget det samme året bevilga kr 330 til oppbygging av ei dampskipsbrygge. Her hadde det vore fleire brygger opp gjennom tidene med blant anna brygge for kolfrakt til Ulefoss og Kolatangen ved Evju. Men desse var på denne tida ødelagt og det var kanskje derfor at denne sida av elva blei prioritera.