Kor sårbare er me i Bø ved KRISE?
Klipp frå Bø blad for 25 år sidan – 27. april 1995
Ein er nå i gang med å lage ein risiko- og sårbarhetsanalyse for Bø i tilfelle krise, t.d. når det gjeld vatn og flaum, skogbrann, straum og transport.
Dette er eit ledd i den landsfemnande omorganiseringa av den sivile beredskapen: større vekt blir nå lagt på å ha eit apparat som kan fungere ved sivile kriser. Før var krigssituasjonen mest i fokus.