200430-Sett-fra-lufta-Solvang

Solvang

Flyfoto frå Bø. Widerøe Flyselskap dreiv mykje med flyfotografering i heile Noreg på 1950-talet og fram til dei fyrste åra på 60-talet. Sel­skapet hadde over 300.000 slike bilete då dei fekk nye eigarar i 1968. I 1970 blei denne samlinga selt ut av selskapet. I dag er det Bø museum som har hand om fly­bileta med motiv frå Bø. Desse er no lagt ut på Digitalt museum.

Publisert Sist oppdatert

Solvang, gnr. 55, bnr. 22, er eit småbruk som ligg langs Stadskleivvegen. Det ligg på høgre side oppunder åsen etter at ein har passert Veirudkrysset på veg mot Eikjabygda. Olav H. Tveiten kjøpte dette stykket av Bø 55.10 (Midt-Bø) i 1936. Stua er sett opp året etter og står i dag. Uthuset som vi ser på flyfotoet vart råka av brann.

Kjære lesar!

For å fortsette må du ha eit abonnement og vere innlogga.

Har du ikkje abonnement?

Bli abonnent

Powered by Labrador CMS