140.000 kroner til folkemusikk-opplæring
Bø kulturskule har fått 140.000 kroner til Folkemusikk fordjuping, til opplæring av unge i spel og dans. Skarphedin Alpin har fått 65.000 kroner til juniorstaur.
Det er 12 elevar frå Telemark og Setesdal som er med i fordjupingstilbodet som Bø kulturskule har i folkemusikk, og like mange er med i dans. Mange av desse er over 16 år.