Ole Rolf Roheim og Sigmund Torekåsa - 21 år i eiga verksemd, nå også med bilpark.
O

9 montørbilar til Bø Installasjon

At Opel-Haugen sel godt, veit me – men at han sel i bulk, er ikkje kvardagskost. Det må vel mest kallast det etter at Bø Installasjon nyleg kjøpte inn 9 små varebilar av typen Combo.– Om det vil bere seg for oss eller ikkje, står att å sjå, seier Ole Rolf Roheim, – men me gjorde det både som marknadsføringstiltak og for å betre arbeidsmiljøet. Folka har med bilane heim, og slik slepp me ansvaret ved å ha dei her. Dei kan kjøre rett på oppdragsstaden og dessutan får dei ein bil som er spesialsydd inni for montørar. Bilane er merka med fornamnet til montøren.Det har vore Bø Installasjon i 21 år nå. Tre karar forlot Bø Kraftverk i 1974 og starta for seg sjølve, og Ole Rolf Roheim (57) og Sigmund Torekåsa (47) er att av dei saman på eigarsida.

Publisert Sist oppdatert

Kjære lesar!

For å fortsette må du ha eit abonnement og vere innlogga.

Har du ikkje abonnement?

Bli abonnent

Powered by Labrador CMS