FILM OG MUSIKAL: Fløytist Aurora Lund Hult og dirigent Sverre Jacobsen i Bø janitsjar håper mange finn vegen til Gullbring for å høyre film- og musikalmusikk. FOTO: Gro B. Røiland
Gro B. Røiland Solveig Kongshavn Nilsen
Aurora og Sverre skal på scenen søndag. Det skal også The Voice-André
Søndag kan ein høyre 33 musikantar og ein songsolist i storsalen i Gullbring. Da har Bø janitsjar konsert med André Hustoft Nesheim som solist.
November månad, før julekonsertane set inn for fullt, er ein fin konsertmånad. Det har Bø janitsjar med dirigent Sverre Jacobsen funne ut. Nå er det konserttid igjen. Søndag kveld er korpset på scenen i storsalen med filmmusikk og musikal. Det blir innslag frå blant anna Les Misérables, Løvenes konge, Chess, Dragetreneren og Prinsen av Egypt.