TILLITSVALD: Sverre Jacobsen er tillitsvald for Creo, som organiserer mange kulturskulelærarar i Midt-Telemark.
Gro B. Røiland
Bekymra for kutt: – Kulturskule utan slagverk er krise
Midt-Telemark får ein kulturskule utan undervisning i slagverk viss kuttforslaget blir vedtatt. Det rammar både korps og band.
Nærmare 20 barn og unge får i dag undervisning i slagverk gjennom Midt-Telemark kulturskule. Det inkluderer også elevar i 4. klasse på Gvarv skole, der heile fjerde trinn har korps i skulen som musikkundervisning.