Bø sett frå søraust
Flyfoto frå Bø. Widerøe Flyselskap dreiv mykje med flyfotografering i heile Noreg på 1950-talet og fram til dei fyrste åra på 60-talet. Selskapet hadde over 300.000 slike bilete då dei fekk nye eigarar i 1968. I 1970 blei denne samlinga selt ut av selskapet. I dag er det Bø museum som har hand om flybileta med motiv frå Bø. Desse er no lagt ut på Digitalt museum.
Det hadde gått ein del tiår sidan jernbanen kom til Bø då dette flyfotoet vart tatt. Biletet kan illustrere utviklinga i Bø i løpet av desse tiåra.