STYRET: Evy Beate Stykket, leiar, Torgeir Gullbekk Hansen, styremedlem, Heidi Elise Klokkehaug, valnemda, Evelyn Utigard, styremedlem og Thea Myrjord Norheim, vara til styret. Anders Hefre og nyvald styremedlem Hadle Reisæter var ikkje til stades da bildet blei tatt.
Gro B. Røiland
Dei skal styre festivalskuta i 2025
Telemarkfestivalen har hatt årsmøte og valt styre for 2025. Dei fleste held fram, men éin er ny i festivalstyret.
Fjorårets festival kom ut med ein liten minus på 13.000 kroner, mot eit overskot på 65.600 kroner året før. Det kunne dagleg leiar Kristoffer Mosfjeld opplyse om på årsmøtet i Stiftinga Telemarkfestivalen sist onsdag.