KUNSTNAREN: Yngve Reidar Vold (t.h.) opnar utstillinga i galleriet til Halvor Holtskog og Kari Nyhuus Holtskog.

Fekk beskjed om å halde seg langt unna penselen og flaska

Bildekunstnar Yngve Reidar Vold hadde høyrt om å vera eplekjekk, men ikkje om eplefestkunstnar. Så kom invitasjonen frå Halvor og Kari i Galleri Nyhuus.

Publisert

– Eplefestkunstnar er bra, eg elskar eple, seier Yngve Reidar Vold og smiler.

– Og me elskar folk som elskar eple, seier Halvor Holtskog, fruktbonde og gallerist på Nyhuus gard på Gvarv.

Naturmystikk

Han fortel at heilt sidan starten har kunst vore ein viktig del av Norsk Eplefest. Kvar haust blir det opna separatutstilling i Galleri Nyhuus med ein ny kunstnar.

På årets eplefestutstilling kan ein oppleva om lag 30 litografi og store pastellteikningar laga av Yngve Reidar Vold. Utstillinga har kunstnaren kalla «Trær og folk jeg har møtt»

Tre og skog finst i mange av Vold sine bilde, men også menneske og hus. Krokete, eventyrlege tre og tette, snødekte granskogar utstrålar mystikk, kraft og historie.

 Menneska er små bifigurar i forteljingane om natur og gamle tre, som famnar landskapet.

MAJESTETISKE: Trea i Yngve Reidar Vold sine bilde er majestetiske og mystiske.

– Hald deg unna pensel og flaske

Fargepaletten er både dus og intens på same tid, bilda stemningsfulle og fascinerande.

– Dette er poetiske bilde, men ikkje så definerte. Yngve er flink til å fortelje historier, seier Halvor Holtskog.

Årets eplefestkunstnar er frå Oslo, men har atelier på Nesodden. At han skulle bli kunstnar, var ikkje sjølvsagt. Ein onkel var målar, men heime hos Vold var det ikkje anbefalt å følgje i dei fotspora.

– Rådet heime var ikkje bli kunstnar, hald deg langt unna penselen og flaska, fortel Vold.

Utselt på Høstutstillingen

I 1969 søkte 20-åringen likevel Statens Håndverks- og Kunstindustriskole, mest fordi ein annan gut i gata hans hadde søkt og kome inn.

– Eg blei veldig forundra da eg kom inn. Men eg var glad i å teikne og tenkte at eg kunne bli reklameteiknar eller bokillustratør, fortel Vold.

At ein kunne tene pengar på kunst, oppdaga han i 1978, da han blei antatt på Statens Høstutstilling med eit litografi. Igjen blei han overraska, både over å bli antatt og at publikum ville kjøpe kunsten hans.

– Eg hadde ikkje pengar til meir enn fem ark, så det blei fem trykk. Det blei utselt, og eg forstod at her kunne eg ha tent meir, ler Vold.

Sidan har det blitt mange Høstutstillinger, separatutstillingar over heile Noreg og utstillingar i Tyskland, Russland og Nicaragua. Han er innkjøpt til mellom anna Nato-hovudkvarteret i Brüssel, Riksgalleriet, Norsk Kulturråd, Norges bank, Oslo kommunes samlingar og andre kommunale og private samlingar.

På sykkeltur i Telemark

Dette er andre gong han stiller ut i Galleri Nyhuus. Førre gong var i 2012, da saman med Johanne Randen.

Lenge før det, i 1974, besøkte den unge Oslo-mannen også Telemark og Gvarv. Da på ein nøye planlagt sykkeltur som gjekk frå Sandefjord og Mølen til Skien, vidare med båten Victoria til Dalen, deretter på sykkel til Eidsborg, Høydalsmo, Seljord, Flatdal, Bø og Sauherad. Vold var og er opptatt av romanske kyrkjer, og i Telemark var det mange å sjå.

– Eg hadde bestemt meg for å sjå muralmåleria i Nes kyrkje, men punkterte på vegen. Da eg kom fram var kyrkja stengt, men eg fekk ein kyrkjetenar til å opne for meg, seier Vold og fortel at han som ung sykkelturist opplevde Gvarv som svært vakkert.

I GALLERIET: Yngve Reidar Vold og Halvor Holtskog i galleriet, som nå er fylt opp med Vold sine bilde.

Godt besøkt galleri

Utstillinga i samband med eplefesten er open frå fredag til søndag tre helger, til og med 13. oktober. Ordførar Siri Blichfeldt Dyrland står for den offisielle opninga i Galleri Nyhuus fredag 27. september. Musikken er ved dotter til kunstnaren, 15 år gamle Tora Røynesdal, som spelar fiolin og bratsj.

Halvor og Kari fortel at eplefestutstillinga er svært godt besøk. På det meste har galleriet hatt 800 besøkande på ein dag. Da er det fullt både på garden og i grannelaget.

– Det er ein fordel at me har veldig gode naboar, seier Kari Nyhuus Holtskog.

Powered by Labrador CMS