Full jubel for kongane på haugen – nå er stafettpinnen gitt vidare

Nye og gamle kongar på haugen strålte i rampelyset, da grenderevyen var tilbake for fullt fredag kveld. Revyen tek pulsen på livet i kommunen, frå togtrøbbel til dårleg kommuneøkonomi og badande ordførar.

Publisert Sist oppdatert

Ikkje sidan februar 2020 har me fått servert grenderevy, ein tradisjon som blei dratt i gang i Bø for 30 år sidan og som har blitt arrangert årleg fram til koronapandemien. Langkåshaugen har denne gongen mobilisert om lag 60 personar til revyen, og med på laget har dei Ann Cahtrin Haugland Andersen på regi og band leia av Torgeir Hefre.

Fredag var det premiere på «Kvar gong kongane møtast». Det blei suksess, med varm og entusiastisk mottaking frå fullsett sal. To utselde hus vitnar om at revyen har vore sakna.

PREMIERE: Grenderevyen er tilbake i Bø. Her er Arnfinn Innleggen, Else Børte og Borgar Kaasa på scenen under premieren fredag kveld.
REVY: Store og små songarar var med på revyscenen.
HVER GANG VI MØTES: Tv-serien «Hver gang vi møtes» var ramma for revyen «Kvar gong kongane møtast». I det låg både prat rundt bordet, song og tårer.

TELEFONTERROR: Ein sketsj minte publikum på å slå av telefonen.
REVY: Store og små songarar var med på revyscenen.
REVY: Store og små songarar var med på revyscenen.
BØ BLAD: Bø blad var med i revyen - tradisjonen tru.
VENTEROMMET: Revyen baud på mykje god humor frå venterommet på legesenteret. Her er Else Børte i farta med rullator.

VENTEROMMET: Revyen baud på mykje god humor frå venterommet på legesenteret.
VENTEROMMET: Revyen baud på mykje god humor frå venterommet på legesenteret. Ein av karakterane på venterommet blei spela av Torgeir Heggenes.
VENTEROMMET: Revyen baud på mykje god humor frå venterommet på legesenteret. Her Guro Brekke Amundsen som veldig opptatt legesekretær.
VENTEROMMET: Revyen baud på mykje god humor frå venterommet på legesenteret.
ORDFØRAREN: Ordførar Siri Blichfeldt Dyrland var med både parodiert i revynummer og som publikum på fyrste rad.
KOMMUNEØKONOMI: Torgeir Heggenes i rolla som Ingemar Bråten, intervjua om kommuneøkonomi av revolverjournalist Margit Ims.
KOMMUNEØKONOMI: Torgeir Heggenes i rolla som Ingemar Bråten, intervjua om kommuneøkonomi av revolverjournalist Margit Ims.
DIREKTØRANE: Arnfinn Innleggen og Sigbjørn Hjelmbrekke som kommunedirektør og assisterande kommunedirektør.
SJÅ KOR HO SYM!: Sigbjørn Hjelmbrekke og Margit Ims i nummeret «Sjå kor ho sym!».
VENTAR PÅ TOGET: Nokon har venta svært lenge på toget frå Go-Ahead, fastslår Jan Arild Amundsen.
TUKTUK: Arnhild Gjessing og Arnfinn Innleggen syng ballada om han som hadde den einaste tuktuk i heile Bø.
HVER GANG VI MØTES: Tv-serien «Hver gang vi møtes» var ramma for revyen «Kvar gong kongane møtast». I det låg både prat rundt bordet, song og tårer.
LOL: Langkåshaugen Olympiske Leikar er noko for seg sjølv.
RØMLINGEN: Gunnar Rønningsland på rømmen i nummeret «Rømlingen».
MUSIKKEN: Ingen revy utan musikk. I bandet var Torgeir Hefre, Geir Eide, Erling Eriksen og Jostein Rørmark.
REKLAMEFINANSIERT DO: Torgeir Heggenes som Bjørn Magne Langkås, som prøver å kome inn i bygdas reklamefinansierte offentlege toalett.
IRRITERT DO-NABO: Anne Margrete Gullbekk som irritert do-nabo i det lattervekkande nummeret «Offentleg toalett».
TEKNISK MEINING: Humoristisk glimt frå teknisk etat i nummeret «Teknisk meining», med Torgeir Heggenes, Gudmund Amundsen, Anne Margrete Gullbekk og Trine Svendsen.

VILL SEREMONI: I nummeret «Vielsen» fekk me sjå Borgar Kaasa, Else Børte, Arnfinn Innleggen, Marthe Dale og Jan Arild Amundsen i ein heller vill seremoni.

BADEBUSSEN: Det var fleire innslag med bading i revyen. Her er det badebussen som fyk over scenen.
TELEFONHISTORIE: Telefon nå er ikkje det same som telefon før. Anne Margeret Gullbekk og Ingelin Hjelmbrekke Ims drar på teknisk museum for å sjå på telefon.
TELEFONHISTORIE: Telefon nå er ikkje det same som telefon før. Anne Margeret Gullbekk og Ingelin Hjelmbrekke Ims drar på teknisk museum for å sjå på telefon.
AP OG SP-DUETT: Karin Hagen (Arnhild Gjessing) og Chase Alexander Jordal (Sigbjørn Hjelmbrekke) i duett.
AP OG SP-DUETT: Karin Hagen (Arnhild Gjessing) og Chase Alexander Jordal (Sigbjørn Hjelmbrekke) i duett.
INSTATUR: Thomas Vreim Robertson, Sigbjørn Hjelmbrekke, Eilei Hjelmbrekke Ims og Marte Vreim på fjelltur med selfiestong i nummeret «Nå kosar me kånn!».
JENTUNE FRÅ HAUGEN: Arnhild Gjessing i nummeret «Jentune frå haugen» drar ut i verda og møter mange slags karar, her bonden Gunnar Rønningsland.
JENTUNE FRÅ HAUGEN: Arnhild Gjessing i nummeret «Jentune frå haugen» drar ut i verda og møter mange slags karar, som superstjerne Borgar Kaasa.
JENTUNE FRÅ HAUGEN: Arnhild Gjessing i nummeret «Jentune frå haugen» drar ut i verda og møter mange slags karar, som superstjerne Borgar Kaasa.
JENTUNE FRÅ HAUGEN: Arnhild Gjessing i nummeret «Jentune frå haugen» drar ut i verda og møter mange slags karar.
ORDFØRAREN: Margit Ims som badeglad ordførar i nummeret «Superlativ-Siri».
ORDFØRAREN: Margit Ims som badeglad ordførar i nummeret «Superlativ-Siri».
DATING: Ikkje så lett å finne draumeprinsen med dating-app. Kirsten Liland og Borgar Kaasa i «Ein tindrande heilaftan».
HYLLEST: Kjerstin Midtbø, Marthe Dale, Caroline Li og Kristin Lahus syng «Hyllest til kommunen.
99 BUGERSJAPPER: Klassikaren «99 Luftballons» har på Langkåshaugen blitt til «99 burgersjapper», flott framført av Margit Ims.
99 BUGERSJAPPER: Klassikaren «99 Luftballons» har på Langkåshaugen blitt til «99 bugersjapper», flott framført av Margit Ims.
99 BUGERSJAPPER: Klassikaren «99 Luftballons» har på Langkåshaugen blitt til «99 bugersjapper», flott framført av Margit Ims.
BLOKKROKK: Ikkje berre Akkerhaugen har rocksamfunn, på revyen blei me introdusert for Blokkrokk frå Langkåshaugen.
BLOKKROKK: Ikkje berre Akkerhaugen har rocksamfunn, på revyen blei me introdusert for Blokkrokk frå Langkåshaugen.
BLOKKROKK: Ikkje berre Akkerhaugen har rocksamfunn, på revyen blei me introdusert for Blokkrokk frå Langkåshaugen.
REVY: Store og små songarar var med på revyscenen.
ROCKAR I KOR: Frå blokkfløyterock til kor. Her blokkrokkrockar Kirsten Liland i revykoret.
REVY: Store og små songarar var med på revyscenen.
STAFETTPINNEN: Halvor Eika i Eikjabygda Vel fekk stafettpinnen på premieren.
MUSIKKEN: Bandleiar Torgeir Hefre fekk blomster og takk for innsatsen med musikken.
MUSIKKEN: Bandleiar Torgeir Hefre fekk blomster og takk for innsatsen med musikken.
ORDFØRAREN: Ordførar Siri Blichfeldt Dyrland takka for revyen og passa på å bruke mange fine superlativ, som i revynummeret «Superlativ-Siri».

For det er noko befriande fint i det å få liv og politikk i kommunen filtrert gjennom revyen sitt skeive, humoristiske blikk. Den oppgåva har revygjengen frå Lankåshaugen tatt på alvor.

Fine parodiar

Vår badeglade ordførar er parodiert, og det opp til fleire gonger. Parodiert er også listetoppane Ingemar Bråten, Karin Hagen og Bjørn Magne Langkås, samt Senterpartiets Chase Alexander Jordal. Borgar Kaasa dukkar også opp i ei vilter utgåve av seg sjølv med ordførarkjede og rett til å vie folk.

Assisterande kommunedirektør og kommunedirektør er også med, svært tett samanbunde, i eit innslag med meir eller mindre ubegripeleg utgreiing om kommuneøkonomi, rammekutt og ressurspoolar.

Revyen har mange perler om livet elles i kommunen, som sketsjar frå legesenteret sitt venterom, reklamefinansiert offentleg toalett i sentrum, songen om burgeroverfloden og det nye blokkfløytebaserte rocksamfunnet på Langkåshaugen, Blokkrokk.

Musikk og song er det mykje av gjennom heile revyen, og det er gøy å sjå at alle er med, frå små prinsar og prinsesser til godt vaksne kongar og dronningar. Kongane har skrive lokale songtekstar, noko som er flott. Til tider er det vanskeleg å få med seg det som blir sunge, noko som gjer at ein fort kan gå glipp av gode poeng.

Nye og gamle revystjerner

Det store med grenderevyen er fellesskapet den skaper i grendene, kreativiteten den får fram og at alle som vil kan vera med. Det er ein verdi større enn underskotet i kommunebudsjettet.

Sjølv om det etter opphaldet satt langt inne, klarte heldigvis Langkåshaugen å få liv i grenderevyen igjen. Borgar Kaasa skal ha ekstra heider og ære for å ha bidratt til å masa den i gang igjen. Det er moro å sjå Borgar, Langkåshaugens eigen revykonge, stråle på scenen igjen, side om side med gamle revytravarar og nyoppdaga revystjerner. Blant nykomarane er Margit Ims, som er kosteleg både som ordførar og syngande hamburger.

Neste grend ut i revystafetten er Eikjabygda. Dermed er revyansvaret tilbake der det starta for 30 år sidan.

Powered by Labrador CMS