TRE AV ELLEVE: Tre av elleve utstillarar på Kortreist Kunst; Vera Lindgren, Espen Nerhus og Kjetil Hynne. Vera står med eit eige bilde (t.v.) og eit måleri av Hege Tveit, Espen har to av sine eigne måleri og Kjetil har bilde måla av Kari Fehn og Bjørn Wiik.
Gro B. Røiland
Kunst og kreativ galskap i Eikjabygda – nå blir det utstilling på grendehuset
– Det byrjar ofte med ein fleip og litt galskap, seier Kjetil Hynne. Nå blir den kreative galskapen i Eikjabygda til kunstutstilling på grendehuset med elleve utstillarar.
Fredag 18. november opnar utstillinga Kortreist Kunst i grendehuset i Eikjabygda. Dette er den fyrste av tre dagar på rad fylt med kunst og sosialt samvær.