Landskappleiken: To bøheringar til topps på Gol
Det blei 1. pris til Midt-Telemark på Landskappleiken på Gol torsdag. Anne Britt Seljord Amundsen og Guro Kleppe Høibo dansa seg til topps i klassa Dans hardingfele C med ein telespringar.
Landskappleiken på Gol, landets største og eldste folkemusikkfestival og tevling, er nå inne i sin tredje dag. Onsdag starta tevlingane og det var opning ved kultur- og likestillingsminister Lubna Jaffary.