BRA ÅR: Fjoråret blei nok eit bra år for Tone Lie og kollegaene.
Gro B. Røiland
Lokal forfattar på spenstig toppliste
Det er gratis, har noko for alle og aukar i popularitet. Tal for 2024 viser kraftig vekst i besøk og utlån, og blant dei mest leste er ein lokal forfattar.
– Me hadde ein veldig auke frå 2022 til 2023 og tenkte at viss me klarte å halde oss på det nivået framover, så var det bra. Nå har me auka enda meir, seier Tone Lie, konstituert biblioteksjef ved Midt-Telemark bibliotek.