I
Når glasflata brest
BØ SOKN/ SAUHERAD OG NES SOKN er to av dei organisasjonane i Bø og Sauherad som gjestar denne spalta på omgang. Dei andre er Universitetet i Søraust-Noreg, Bø Museum og Evju bygdetun.
Det finst ei førestilling om at det kristne livet er delt i to, at det som har med Gud og det åndelege å gjere på eit vis er skild frå verkelegheita. Som om dei to sfærane finn stad på kvar si side av ei glasflate. Verkelegheita må haldast på plass der under glasflata for ikkje å forstyrre det åndelege livet.