M
Over 500.000 har sett Midt-Telemark i «Eides språksjov»
Over 500.000 sjåarar har sett «Eides språksjov« på NRK1 der Midt-Telemark fekk nytt kommuneslagord. Så mange som 491.000 såg sendinga lineært på tv den kvelden det blei sendt.
Kommune-Noreg med 47 nye kommunar, nye kommunevåpen og -slagord var tema i «Eides språksjov» laurdag 18. januar. Tre kommunar blei nemnt spesielt, Volda, Ullensvang og Midt-Telemark.