NYVINNING: Kinosjef Anita Kristensen med ein av to nyvinningar.
Gro B. Røiland
Ser lyst på 2025: – Me har hatt mykje trøbbel
I fjor gjekk den 13 år gamle kinomaskina i Storsalen i svart. Nå er begge salane på Bø kino oppgraderte med topp moderne utstyr.
Ikkje sidan Bø kino blei digitalisert i 2011, har kinomaskinene som viser film vore bytta ut. Da maskina i Storsalen ikkje ville meir rett etter den store kinodagen 2. november, var det tid for utskifting. Det stod allereie på programmet.