Sjå festframsyning for nytt fylke gratis på nett
Gode kulturkrefter frå Telemark og Vestfold er med når nytt fylke skal markerast i kulturhuset Bølgen i Larvik. Alle som vil kan sjå framsyninga på nett på fylkeskommunens nettside eller facebookside.
Fredag 24. januar klokka 19 blir det nye fylket markert gjennom festframsyninga «Ditt nye fylke – en forestilling om Vestfold og Telemark» i Bølgen kulturhus i Larvik. Det er fylkeskommunen i samarbeid med Marinemusikken og Teater Ibsen som arrangerer.