FOLKEFEST: Bjørn Arve Skjeslien baud på seg sjølv og fekk med seg unge supporterar i lokaloppgjeret på Nordagutu laurdag.
Øystein Akselberg
Skjeslien-show laga folkefest
Det blei show, fotball og mykje moro da to lokale fotballlag barka saman til toppoppgjer i 7. divisjon. Sauherad-patriot Skjeslien baud på seg sjølv og skapa folkefest og ein fin fotballdag med mykje attåt på Nordagutu.
Folk var invitert til lokaloppgjer i fotball på Kjapp-bana på Nordagutu denne litt gråe oktoberlaurdagen. Ein 7. divisjonskamp mellom Sauherad IL og Skarphedin sitt 3. lag høyrest kanskje ikkje så superspennande ut.