nytt tilbod: Maria Ladiszlaidesz prøvar å ri. Anna Bø, Bø og Lifjell Turridning, styrer hesten.
Torgeir Straand spelte til grauten.
Tore Torsdal hadde mange fine parafinlampar.
brød og bok: Brith Sivertsen kjøpte først nybaka brød i Åsestugo før ho skulle skaffe seg bok om slekta si frå Bø.

Sokkar, bøker og brød til jul

Julekaker, strikka sokkar og nyskrivne bøker. Alt såg ut til å få bein å gå på under julemessa til Bø Museum.

Publisert Sist oppdatert

Dei som var ekstra heldige fekk slåttar av Gregar Kåsin som følgje til grauten som vart servert på Polen.
– Det er første gong eg er her, men eg er så imponert. Dette er nydelege strikketing.
Det seier Aslaug Astad. Ho ser på i stikkesokkar på bordet i Pakkbua på Bø Museum. Det er julemesse og kryr både av folk og varer.
Astad fortel at ho har eit feriehus i Bø og denne gongen passa det å få med seg julemessa.
Ho tykkjer også prisane på handarbeidet er rimelege.
– Det er så stemningsfullt og hyggeleg her òg, legg ho til.
Jeanett Verpe står på andre sida av bordet og kikkar. Ho er einig.
– Eg brukar å vere her kvart år, og kjøper alltid eit par sokkar. I år blir det to par, legg ho til og smiler.
Verpe brukar å kikke på handarbeidet og lokalmaten.

Kjære lesar!

For å fortsette må du ha eit abonnement og vere innlogga.

Har du ikkje abonnement?

Bli abonnent

Powered by Labrador CMS