PÅ VEG: Solfrid Nestegard Gjeldokk, Lars Inge Tverberg, Sivert Holmen og Espen Wensaas er på veg til Midt-Telemark.
Privat
Solfrid på veg «heim»: – Eg gleder meg
Ho har budd tre år i Bø og hatt mange fleire somrar på Evju bygdetun og Telemarkfestivalen. Nå kjem ho «heim».
– Det blir veldig stas å kome tilbake til Evju bygdetun, der eg har vore med i Evjuspelet i fire-fem somrar. Det blir ein fin plass å avslutte turneen, seier Solfrid Nestegard Gjeldokk.