Todelt postkort av Lifjell sanatorium frå 1909.
T

Statsråden som forsvann frå Lifjell sanatorium

«Borgermester Arctander forsvundet under en spasertur på Lifjeld sanatorium» laud overskrifta i avisa Østlændingen morgonen den 13. august 1924. Saka var på fyrstesida til alle dei store avisene i landet.

Publisert Sist oppdatert

Den bortkomne mannen var ingen kven som helst Arctander, men Sofus Arctander, ein kjend venstrepolitikar. Han hadde vore statsråd i heile fire regjeringar, mellom anna indreminister i den fyrste venstreregjeringa til Johan Sverdrup i 1884 og handelsminister i Christian Michelsens regjering under og etter unionsoppløysinga i 1905. Hausten 1905 fungerte han som konstituert statsminister medan Michelsen var oppteken med Karlstadsforhandlingane med Sverige. Han hadde au vore borgarmeister i Bergen på 1890-talet og førsteborgarmeister i heimbyen Oslo frå 1908 til han pensjonerte seg i 1920.

Kjære lesar!

For å fortsette må du ha eit abonnement og vere innlogga.

Har du ikkje abonnement?

Bli abonnent

Powered by Labrador CMS