TILBAKE: Jan Birger Akerhaugen og Anne Fagermo er heime att etter intense dagar i USA.

Tilbake frå Amerika: Nå satsar dei for fullt på norsk

«Amerika venter på meg», syng Anne Fagermo på låten som har slepp i oktober. Nyleg kom ho og Jan Birger Akerhaugen tilbake frå nettopp Amerika.

Publisert

Med seg i bagasjen heim att til Midt-Telemark har dei opplevingar frå seks intense dagar på låtskrivarfestival i Ocean Springs, Mississippi, USA.

Det var artist Bjørn Nilsen som inviterte med Anne Fagermo på festivalen. Han var invitert og kunne ta med seg eit par personar. 

– Han spurte meg, og eg spurte Jan Birger, fortel Anne.

Dermed fekk Akkerhaugen to representantar på den amerikanske låtskrivarfestivalen i det som blir rekna for vogga til amerikansk populærmusikk.

USA: Anne og Jan Birger på spelejobb i Mississippi.

Jan Birger Akerhaugen var ikkje vanskeleg å be.

– Det var gøy at Anne ville ha meg med. Me har jobba mykje saman det siste året, og det er inspirerande. Det har blitt veldig mange låtar ut av det, seier Jan Birger.

Rundt 70 låtar har dei skrive saman det siste året. Jan Birger er fast gitarist på Anne sine konsertar, og det blir mykje tid saman både på og utanfor scenen. Tid som dei brukar til å laga ny musikk.

Det siste året har dei vore i studio og spela inn to album i to ulike sjangrar. Det eine er eit bluegrassalbum og det andre eit album med låtar på norsk.

Store opplevingar

Veka i Mississippi baud på store opplevingar, spennande møte og refleksjonar rundt skilnaden på norsk og amerikansk veremåte.

Møte med idolet, musikkprodusent og låtskrivar Glenn Ballard var det største for Jan Birger. Ballard var ein av fleire artistar som blei innlemma i Mississippi Hall of Fame under festivalen.

– Me har fått eit større nettverk og blitt kjent med små og store aktørar i musikkbransjen. Det er topp, så får me sjå om det kan resultere i noko, seier Jan Birger.

– Skummelt

Anne og Birger hadde fleire spelejobbar under festivalen. Dei blei tatt godt imot og opplevde norsk og amerikansk publikum som ganske like.

– Det var litt skummelt, to frå Akkerhaugen som skulle stå på scenen og synge engelske låtar framfor eit amerikansk publikum. Eg kunne heldigvis gøyme meg bak Anne, seier Jan Birger og flirer.

– Det eg grua meg mest til var å snakke mellom låtane. Men det gjekk bra, seier Anne.

På festivalen fekk ho testa ut dei engelske tekstane på eit engelskspråkleg publikum. Dei gjekk rett heim.

– Eg merka at eg fekk meir reaksjon på dei engelske tekstane mine der enn her. Det var same reaksjonen som viss eg syng på norsk i Noreg, seier Anne.

I USA: Anne og Jan Birger fekk testa ut låtane på eit amerikansk publikum. Det fungerte fint.

Satsar på norsk

Når Anne Fagermo 25. oktober slepper låta «Amerika venter på meg», er det hennar fyrste singel med norsk tekst. Den er forsmak på debutalbumet hennar, som kjem på selskapet Grammofon neste år. Her vil alle låtane ha norsk tekst.

«Amerika venter på meg» har også ein engelsk versjon, laga spesielt for slepp i USA.

– Eg har skrive på engelsk lenge og vore veldig fornøgd med det. Eg måtte føle meg komfortabel med å skrive på norsk, og det gjer eg nå. Nå vil eg bare skrive på norsk, seier Anne.

Utover hausten og ikkje minst neste år blir det mange moglegheiter til å høyre Anne på både norsk og engelsk.  I går spela ho på Smelteverket i Oslo, saman med Jan Birger Akerhaugen, Anders Hefre og Live Sveva. Neste år blir det turne med Anne Fagermo og Akerhaugen band, som er Jan Birger, Thomas Helgaseth og Eivind Aase.

– Me skal spela i Gullbring 29. mars, seier Anne og Jan Birger.

SAMARBEID: Jan Birger Akerhaugen og Anne Fagermo samarbeider godt. Det blir det mange låtar av.

   

Powered by Labrador CMS