PRISVINNARAR: Det blei prisar både til Johanne Flottorp og Per Anders Buen Garnås på torsdagens prisutdeling i Oslo. Bilda er frå Landskappleiken på Rjukan.
Gro B Røiland/Dag Einar Hvitsand (collage)
Vinnarar av Folkelarmprisen 2022 kåra. Det blei to gjeve prisar til Midt-Telemark
Per Anders Buen Garnås blei kåra til Årets folkemusikar og Johanne Flottorp fekk pris i klassa tradisjonelt samspel under kveldens utdeling av Folkelarmprisen.
Folkemusikkens svar på Spellemannprisen gjekk i kveld av stabelen på Riksscenen for folkemusikk og -dans i Oslo. Det skjedde i samband med bransjetreffet og festivalen Folkelarm, med organisasjonen Folkorg som arrangør.