REDAKTØR: Hilde Eika Nesje i Bø blad.
Gro B. Røiland
– Å vere gjestfri og inkluderande kan redde liv – skal me gjere noko med det?
Kor mange av oss har tenkt tanken på at det kunne ha vore fint å invitere nokon ekstra inn til julekvelden, eller på ein middag eller to i romjula? Har me vore innom idéen om å inkludere nokon me veit sit aleine på nyttårsaftan, tru? Det hadde vore fint å gjere noko ekstra, men gjer me det? Det blir kanskje med tanken. Det kan vere det at me er blyge som er hindringa, at me ikkje heilt veit kven me skal be, og at det kjennest påtrengande. Eller at det rett og slett er mest behageleg å ha det slik som me alltid har hatt det – med feiring med dei nærmaste, eller på anna vis slik tradisjonen er.