UT PÅ TUR: Midt-Telemark byr på fine turmulegheiter, og det er lett å finne ein finn plass å kose seg ute.

– Alle kan finne friluftsglede

Publisert

2025 er allereie godt i gang, og i Noreg skal ein som vanleg rette fokus mot noko spesielt. Regjeringa har derfor bestemt at i år skal det vere friluftslivets år, der ein både nasjonalt, regionalt og lokalt vil jobbe med å fremje friluftslivsaktivitetar for store og små. 25 landsdekkande organisasjonar som representerer eit breitt spekter av friluftsliv har derfor fått 25 millionar kroner av Miljødirektoratet for å auke deltakinga i friluftsliv, fremje berekraft og helse, samt løfte fram frivillig arbeid. 

Friluftsliv bidreg til trivsel og god helse, og undersøkingar viser at så mange som sju av ti nordmenn ønskjer å vere meir ute. Målet er at fleire skal kome seg ut i naturen jamnleg, derfor vil Friluftslivets år innehalde mange aktivitetar og arrangement som skal motivere til friluftsliv og vise mulegheitene som finst i heile landet. Friluftslivets år 2025 vil leggje spesielt vekt på å inspirere til å oppdage nærnatur, invitere andre med ut og prøve ut nye friluftsaktivitetar.

FRISK LUFT: – Det handlar om frisk luft, og det kan ein også få på ein kort tur i parken, seier redaktør Hilde Eika Nesje, som vil vise friluftsliv i mange variantar i lokalavisa.

Også lokalavisa i Midt-Telemark vil vere med og løfte opp friluftslivets gleder, og oppmuntre fleire til å finne glede i det å vere utandørs. Me bur i ein kommune der mulegheitene for friluftsliv er mange og varierte, og veldig lett tilgjengeleg. Folk som bur her og flyttar hit trekkjer fram nettopp nærleiken til den vakre og mangfaldige naturen som ein av grunnane til at ein trivst så godt her - eller vel å bu her. Bø blad vil derfor gjennom friluftslivets år rette fokus på ulike sider av uteliv og alt ein kan oppleve og gjere i naturen me har rundt oss.

Friluftsliv er for alle og kan opplevast i naturen nær oss, i Midt-Telemark nesten rett rundt hjørnet. Alle kan vere friluftsmenneske og gjere det på sin måte. Det viktigaste er at ein finn friluftsglede, fordi det gir både god helse og trivsel. Glede ved å vere ute skjer når me er til stades i naturen og møter den med leik, nysgjerrigheit og respekt - gjerne saman med andre.

Bø blad ønskjer å vere med på å skape begeistring for og inspirere til friluftsliv, og senke terskelen for å delta. Me skal derfor skrive om det og møte folk på vegen som kan fortelje noko om sitt friluftsliv. Har du lyst til å vere med på det, ta kontakt! Me har allereie lansert ein lågterskel fotokonkurranse der folk kan sende inn bilde frå sitt friluftsliv, og fire bålpanner står og ventar på dei som blir plukka ut som vinnarar. 

Det blir masse merksemd på friluftsliv i 2025 - la deg inspirere og la det bli din sjanse til å finne friluftsglede!

Powered by Labrador CMS