BUA: Her finn ein det meste av utstyr til friluftsliv og sport.

– Det er utan tvil ein suksess som kan hindre utanforskap

Publisert Sist oppdatert

Utstyrssentralen Bua er ei gåve til lokalsamfunnet i Midt-Telemark. I ein kommune der så mange som 18 prosent av barnefamiliane lever under den nasjonale fattigdomsgrensa, er det fantastisk at ein kan tilby gratis utlån av utstyr til sport og friluftsliv, og akkurat dét er ekstra viktig å setje fokus på og opplyse om i Friluftslivets år. 

Bua står for Barn-Unge-Aktivitet og er ein ideell organisasjon stifta i 2014. Målet for organisasjonen er "å fremje aktivitet, inkludering og berekraft gjennom deling og gjenbruk, slik at barn og unge kan oppleve glede ved meistring og utforsking på ein miljøvenleg måte". Og det er nettopp det som skjer.

I Midt-Telemark ligg Bua sentralt i Bø sentrum, og med ny plassering i Gymnasbakken har utlånssentralen blitt både meir synleg og meir tilgjengeleg. Det merkar ein godt på utlånet, som nå har tatt heilt av. Frivilligsentralen som driv Bua, fortel at det kan vere 100 personar om dagen som kjem for å låne utstyr. Dei opplever til og med lange køar på enkelte dager, så det er ingen tvil om at dei oppfyller målet sitt. Utlånet har eksplodert, og det er alle slags folk som brukar ordninga.

Det er ingen tvil om at ordninga er populær, og at den inkluderer alle. Her kjem både familiar, studentar og utlendingar, og det er folk frå alle samfunnslag. Sjølv om ein får støtte frå Staten til husleige, lønn og nokre driftsutgifter, baserer Bua seg i stor grad på frivillig arbeid. Med utlånsbehovet som har vist seg i kommunen vår, trengst det òg fleire til å hjelpe til. Utan frivillige kan ein ikkje ha ope så mykje som ein har i dag, så viss nokon føler seg kalla blir nok prosjektleiaren glad for at dei melder seg. Dei som driv Bua er òg avhengig av å søkje midlar og støtte for å kunne tilby utstyr til dei som låner, det krev òg arbeid. Her er det både vinterutstyr og sommarutstyr, noko som gjer ordninga svært fleksibel.

Bua er utan tvil ei suksesshistorie, og fungerer etter intensjonane i Midt-Telemark. Den tener både miljø- og deletanken, og er berekraftig. I tillegg er den ein viktig faktor for å hindre utanforskap. Med Bua har alle mulegheit til å vere med på aktivitetar saman med andre, det er i alle fall ikkje utstyret som skal vere til hinder. Samtidig kan den gjere noko med gjenbrukstanken blant den jamne innbyggjar, som eigentleg ikkje treng alt utstyr nytt. Dei som ennå ikkje har vore på Bua bør ta seg ein tur, både dit og ut!

Powered by Labrador CMS