UTVIKLING: Ødegården panorama heiter tomtefeltet som søskenparet Olav og Lene Bekkhus Ødegården legg ut for sal.

Det skjer noko både her og der i kommunen

Publisert

Det er ingen tvil om at det har blitt tøffare tider i Noreg dei siste åra. Dyrare mat, høgare renter og krevjande forhold i fleire bransjar, samt mange unge utan arbeid set preg på samfunnet og levekåra til folk, sjølv om me fortsatt har det rimeleg godt her i landet viss ein samanliknar seg med resten av verda.

Ifølgje NAV er dei fleste arbeidsledige registrert med yrkesbakgrunn i butikk- og salsyrke, etterfølgd av bygg- og anleggsbransjen, og arbeidsgjevarar blir bedt om å strekkje seg litt slik at fleire kan få utdanne seg på arbeidsplassen. 

Dette bildet er nok riktig for Midt-Telemark også, som i september toppa arbeidsløysa i fylket med 3,8 prosent ledige.

Nettopp derfor er det oppløftande å sjå at det likevel blir lagt ned mykje entusiasme og energi i bustadutviklinga i Midt-Telemark kommune. 

l Bø blad - Lokalavis for Midt-Telemark presenterer me mange planar for vidare utvikling og bygging i kommunen vår. Særleg i Bø er det stor aktivitet, slik det har vore dei siste tiåra i ein kommune som opplever stor tilflytting, også på landsbasis. Men også i andre delar av kommunen skjer det ting.

På Gvarv har eit søskenpar tatt fatt på utviklinga av eit bustadfelt som far deira starta opp for rundt ti år sidan. Dei er svært unge, men gyv laus med ungdommeleg mot på eit stort og spennande prosjekt for tomteutvikling. 

På Nordbøåsen har ein nettopp opna det siste planlagte tomteområdet for sal, og utviklarane står også her klare med mange spennande stader der folk kan byggje og bu. Med andre ord er det fart i bransjen, i alle fall viss ein ser på desse to større utviklingsområda.

Det skjer også noko nytt i Bø sentrum akkurat nå, der politikarane har vedtatt å fortette bebyggelsen. 

Det har mellom anna ført til at to private utviklarar har tatt tak i store og attraktive tomter som ligg svært sentralt til. Nå kan derfor dei som er kjappe på labben få tak i nye leilegheiter og einebustader som er mangelvare i denne delen av sentrum.

Folk vil fortsatt byggje og bu i Midt-Telemark, og det skal me vere glad for. Derfor er det også fortsatt liv i byggjebransjen her me bur. 

Powered by Labrador CMS