Redaktør Hilde Eika Nesje:
Dyrekjøpt sak
Midt-Telemark kommune kom denne veka fram til ei sluttavtale med kommunedirektøren som begge partar er sams om. Den kunne for så vidt ha vore verre, men det er likevel ein utgift som ein kunne ha vore forutan i ein ny kommune som allereie i startgropa strevar hardt med økonomien. 800.000 kroner, som denne saka truleg vil koste, er pengar ein ikkje hadde i utgangspunktet.