Høgtida som me har bak oss har vore prega av særskilt ein nyheitssak. Sjølvmordet og gravferda til tidlegare prinsessegemal og forfattar Ari Behn har dominert nyheitsbildet. I kjølvatnet av denne tragiske hendinga har det florert med artiklar og innspel som dreier seg om både openheit, nærleik og kjærleik, samt eit varmare og rausare samfunn. Både nettaviser og sosiale medium har servert tekstar rundt dette temaet, og folk engasjerer seg. Dette er noko som dei fleste er opptatt av – fordi me er menneske.