Leiar:

I denne jobben får du stort sett kjeft - frå alle
Midt-Telemark kommune skal skifte toppleiar, og rekrutteringa er godt i gang. Mange er spente på søkjarane, og enda fleire lurar på kvifor nokon i det heile vil bli kommunedirektør. Det er ein uriaspost, og den som har jobben får stort sett kjeft. Kjeften kjem frå tilsette, politikarar og ikkje minst innbyggjarar.
Mykje av kritikken er heller ikkje av det mest konstruktive slaget. Nokon kjeftar både usakleg og hemningslaust stygt, og nokon er langtfrå innanfor det som er greitt. Det er lett å sitje i sofaen og kjefte og vere misfornøgd, men dei som gjer det vil neppe søkje på stillinga, enda fleire av dei hevdar at dei kunne gjort jobben betre sjølv.
Det blir aldri nok pengar i kommunane, og i alle fall ikkje i Midt-Telemark. Her ser det nemleg ut til å gå heilt på dunken, og både unge og eldre er opptatt av den dårlege økonomien. Slik har det vore dei siste fem åra, og det er det samansette grunnar til.
Ein av dei er at konjunkturen i kommune-Noreg ikkje er så god, og stadig kjem det nye oppgåver ein skal løyse utan at det følgjer nok midlar med. Det blir harde kår av slikt.
Samarbeidet mellom dei som gjer vedtaka, lokalpolitikarane, og kommuneadministrasjonen er òg avgjerande. Viss ikkje dét fungerer, kan det vere utfordrande å vere kommunedirektør. Likeså viss ein har politikarar som samarbeider dårleg seg imellom og ikkje evnar å trekkje i lag, eller at den politiske leiinga ikkje har nok tillit eller truverd blant dei folkevalde.
Trass i uriasposten må det å vere kommunedirektør likevel vere ein av dei mest utfordrande, komplekse og fagleg interessante leiarjobbane i landet. Har ein leiareigenskapane, den politiske forståinga og interessa for fag og folk som må til i denne jobben, kan ein lukkast godt med oppgåvene. Ein kan til og med klare å vere med på å utvikle kommunen i det lange løp, og kanskje klare å ta Midt-Telemark ut frå den negative økonomiske spiralen.
Her er jo mange flinke folk som ein kan spele ball med, og veldig mange positive element å byggje på som mange andre kommunar ikkje har. Befolkningsvekst er eit eksempel, eit veksande reiseliv og offensivt næringsliv eit anna. Naturen ligg der så flott, her er folk som vil noko og infrastrukturen har me, sjølv om også den har vist seg å vere sårbar.
Det er sjølvsagt behov for nytenking på fleire område i kommunen, ein må ha evne til omstilling og satse på nye område. Her trengst også ein real økonomisk hestekur som vil ramme fleire grupper, men det gjeld alle norske kommunar.
Så får me håpe at det finst ein dyktig leiar der ute, med solid økonomisk kompetanse, sterk ryggrad, empati og god sjølvkjensle, som har lyst til å lose underskotstynga Midt-Telemark trygt vidare inn i framtida, for det treng me.
Me ventar i spenning på avgjersla, og håpar at alle vil heie - i alle fall litt!