– Kan du gjere dagen lys for andre?
Dei nemner det, nesten alle saman: Den dårlege kommuneøkonomien. Folk me snakkar med i lokalavisa, enten i samband med ordinære intervju eller dei som er med i faste spalter som "Innflyttaren" eller "Ung i Midt-Telemark", har fått det med seg at det er dårleg stelt i kommunen dei bur i. Dei synest det er leitt, eller det påverkar dei negativt. Det er ikkje rart, for strammare livreim får konsekvensar for innbyggjarane i Midt-Telemark. Ein eller annan stad må ein jo kutte når tala går feil veg, enten det er i helse-, skule- eller kultursektoren, eller i teknisk eining.
Også kommunepolitikarane synest det er krevjande. Det er òg forståeleg, for det er dei som skal bestemme kor kutta må kome, og for mange smertar det nok at kjernesaker ryker i kampen. I kommuneadministrasjonen er òg det stramme grepet merkbart, og det blir jobba for å finne den rette vegen slik at ein kan levere. Utanfor står folk og meiner, sukkar, fortvilar, kjempar eller geipar til det som blir gjort.
Det me alle bør tenkje over er at blant dei som er sett til å styre politisk eller jobbe dagleg med kommunale "anliggender" gjer nok dei fleste sitt aller beste for å finne dei gode løysingane for å få ting rett og til det beste for alle. Likevel skal det vere lov til å kritisere og protestere, for det gagnar lokalsamfunnet. At dei med ansvar og makt blir gått etter i saumane skulle bare mangle, for det er nok av eksempel både på nasjonalt, regionalt og lokalt nivå at det finst både inkompetanse, dårlege sjefar og late og ignorante politikarar og kommunetilsette.
Det har vore eit hardt år i Midt-Telemark, kor mykje har stramma seg til og mange kampar har vore kjempa. Fortsatt er det liv i leiren, og trass i harde kutt er det lite å rope hurra for økonomisk. Det er merkbart at folk i kommunen kjenner på ei maktesløyse, og ein opplever at mange har gitt litt opp. Det tek på å alltid vere på minussida, og når mykje skjer i den mørkaste tida av året blir skuldrane kanskje enda litt meir nedtrykte.
Det er da det er godt å ha ein juleferie å sjå fram til, og det er nå me kan løfte dei gode historiene litt ekstra fram. I Midt-Telemark bur det ein heil haug med flotte, varme, snille, kreative og engasjerte menneske. Mange av dei er usjølviske hjelparar som bidreg med positive gjerningar som får store ringverknader for andre innbyggjarar. Dei handlar ikkje ut frå tanken på "seg sjølv først og fremst", men ser at å hjelpe andre gir eit godt liv til ein sjølv.
Det gjeld blant anna folk i Bø og Sauherad Røde Kors som får Bø blad sin heiderspris i 2024, men også veldig mange andre. Dei som gjer dette fortener ein stor takk, og så kan me andre la oss inspirere til gode gjerningar.
Kva med å gå inn i jula med å spørje seg sjølv: Kva kan eg gjere for å gjere dagen lys for andre?
God jul til alle midt-telemarkingar!